søndag 8. mai 2011

Vårt daglege brød

Kan den makelause auken i kornproduksjonen på 1900-talet halde fram? Korleis kan vi møte behovet for mat i 2050 når kornet óg skal rekke til drivstoff og industriråvarer? Jordbruket står framfor ein historisk serie av utfordringar, frå mindre tilgang på vatn til endra klima. Korleis skal jordbruket tilpassast og trivast i nye miljø?

Å lese bøker om felt eg har særs avgrensa kunnskap om, er alltid spennande. Lære noko nytt, sjå problemstillingar som du oppdagar heng saman med andre samfunnsspørsmål du har vore meir oppteken av. Og når ei bok har tittelen ”Vårt daglege brød. Kornets kulturhistorie” og eg er mellom dei store brødetarane – Stavanger har utruleg mange gode bakarar som freistar kvar einaste dag – var det eigentlig berre å ta kapitla bit for bit. Måltidet har vore langstrakt, men meir og meir forvitneleg ettersom eg har tygd meg gjennom historia.

Det er professor i planteforedling, Åsmund Bjørnstad, som serverer, og han gjev smakebitar som klårt fortel at vi er laga av kornet og kornet av oss. Fleire tusen år før pyramidane var påtenkte, voks det fram store sivilisasjonar grunnlagde på eit ekspanderande jordbruk. Vi har sett ruinar og byggverk og muséer med historiske gjenstandar. Energien som reiste bygga har eg tenkt mindre på – men pyramidane blei faktisk bygde på kveite og bygg. Det trongst 30 tonn brød om dagen i 80 år å forsyne dei 30.000 som reiste Kheopspyramiden!

Kulturhistoria er garnert med mange trivia som gjer soga ein liten ekstrasmak.Eg har nok sett i 1.Mosebok at Sarah bakte kaker til Abraham. Men det var nytt for ein kakemons at ein kakemann i si tid erstatta eit menneskeoffer, og at julekakene våre kom i staden for bukkar ofra til Tor eller Frøy, seinare kom englar og betlehemsstjerner.
Å ha reint mjøl i posten er eit uttrykk som stammar frå tida då møllarane var mistenkte for å blande kritt i mjølet, så gråfargen blei borte og prisen høgare. Brød og sirkus stammar frå romerriket, der sultne var ei farleg kraft og folket difor fekk gratis korn. Saman med underhaldning var då borgarane fornøgde.

Eg les og oppdager at eg umedvete har byrja nynne på ”Jeg er havren.....mine bjælder går over lyse vange år for år”. Men kor mange år? Bjørnstad er ein realistisk optimist når han drøfter spørsmålet om det er mogleg å halde oppe dagens produksjon, enn sei mette 9-10 milliardar menneske i løpet av dei neste 50 åra. Betre vekstvilkår, sortar og økonomiske rammevilkår har stadig nøkkelroller.

I Kina har ny landbrukspolitikk dei siste 25 åra betydd nesten like mykje som ny teknologi for utviklinga. Og det er interessant å lese at takk være menneskegjødsla er jorda i Kina like ung som i Abrahams dagar, kveiten gir hundre fald av det sådde.

I Sverige har ein rekna ut at to tredjedelar av kornproduksjonen kan bli gjødsla med urin, og ein del kommunar har påbod om at nye toalett må ha to avløp, I megabyane i verda kan utnytting av urin og anna avføring i skilde krinslaup ha enorme fordelar både for miljø, vasshushald og bynær matvareproduksjon.

Vatn er og kan endå meir verta eit problem, ikkje minst tap av vatn ut av det naturlege krinslaupet på grunn av ureining eller overforbruk av grunn- eller levevatn. Neste gong eg et ein amerikansk biff, er eg medveten om at forsiktig rekna går det med 3862 liter vatn til ein kilo. Av dette brukar dyret 145 liter på å slukke tørsten, resten brukar kornet.

I ei mangslungen kulturhistorie avdekker innsiktar frå den molekylære plantebiologien at plantenes DNA er ei fascinerande forteljing i seg sjølv.12 millionar bønder har godteke genmodifisering, men i Noreg ser vi med skepsis på ein tweknikk som har ei resultatmessig gjennomslagskraft som kan samanliknast med den grøne revolusjonen nobelprisvinnaren, den norskætta Norman Borlaug sette i gong. Bjørnstad drøfter føremoner og moglege skadeverknader, men til sjuande og sist sit eg att med ein konklusjon: Handlar menneska ansvarleg, vil revolusjonen i jordbruket, med vekstane og mangfaldet, halda fram.



Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar